Ta kontakt viss du ynskjer pristilbod og forslag til grindar i sankekve og til sortering. Ein kan godt bruke vanlege lettgrindar, men i større samdrifter kan det også væra aktuelt med faste installasjonar.
Sankekve
Me skreddersyr sanke- og sorteringskve tilpassa dine behov. Mange sauebønder legg vekt på å ha eit velfungerande og praktisk skilje- og sorteringssystem som passar til si drift. Sankekveet på bildet tek imot ca 2500 lammesøyer kvar haust. Dette anlegget er fast montert, og vert ikkje tatt ned om vinteren. I dette systemet er nokre av portane i grindane kun 40 cm, dette er skreddersydd etter kundens ønske for at det kun skal passere ei søye om gongen.