Sørbøen gård

Saueinteressa har alltid stått sterkt på Sørbøen gård i Ål i Hallingdal. Sørbøen Nordre er ein gamal slektsgard som har vore drifta av familien Sørbøen sidan 1739. Det har til alle tider vore sau på garden. Frå gamalt var det drift med både sau og kyr, men etter kvart som generasjonane har rulla har garden utvikla seg til å verta eit reint sauebruk.

Håkon H. Sørbøen (1921-2007) dreiv med avlsbekrar (veddar), og reiste landet rundt på saueutstillingar. Det var eit stort miljø for dette i grenda, og interessa for sauehald var stor blant naboane. Det sitt med andre ord mykje ”saueprat” i veggane både i fjøs og hus på tunet.

Sauepraten påverka nok vesleguten Steinar såpass mykje at han i vaksen alder starta med teikningar, ulike løysningar og salg av innendørsmekanisering til småfe. No er det 50-år sidan oppstarten, og Sørbøen Bygg & Landbruk er ein av dei leiande leverandørane av utstyr til sau og geit i Norge.

Steinar Sørbøen (1964)

I dag er det Ingebjør Sørbøen Torsgard og ektefellen Sveinung Torsgard som driv både garden og Sørbøen Bygg & Landbruk AS. Drifta på gården i dag består av ca 180 vinterfora sau. Gardsdrifta er framleis ein sentral del av firmaet, og dei fleste produkt vert testa i praksis i eige bygg. I dag leverer me solide varer til næringsbygg og landbruksbygg i heile Norge. Me heldt oss heile tida fagleg oppdatert, og følger utviklinga av norsk landbruk tett. Aller mest lærer me kanskje av dei utallige møta og telefonsamtalane me har med kunder frå heile landet kvar dag året rundt.

Ingebjør, Sveinung & Steinar
Ta gjerne kontakt med oss