Sankekve

Me skreddersyr sanke- og sorteringskve tilpassa dine behov. Mange sauebønder legg vekt på å ha eit velfungerande og praktisk skilje- og sorteringssystem som passar til si drift. Sankekveet på bildet tek imot ca 2500 lammesøyer kvar haust. Dette anlegget er fast montert, og vert ikkje tatt ned om vinteren. I dette systemet er nokre av portane i grindane kun 40 cm, dette er skreddersydd etter kundens ønske for at det kun skal passere ei søye om gongen.